søndag 11. september 2011

Milepæle 1

Eg trur eg har jobba bra så langt. Er ferdig med ca 1 av 3 bøkar, men skal begynne på neste snart. Eg har då lesi og skrive notat til "Flaggermusmannen" av Joe Nesbø. Eg trur på å jobbe stabilt over lengre tid, og trur eg kjem til å klare det bra. Den største uroa mi er nok at eg skal greie og skrive 3000 ord, no og med ein arm.:)

"Flaggermusmannen" handlar om ei jente som blir drepe i Australia. Ho er tidlegare kjendis, frå eit TV-program frå 80-talet. Noreg sender etterforskar "Harry Hole", eller "Harry Holy" som dei kallar han "down-under" for å hjelpe til.

Harry blir møtt av Andrew Kensington på flyplassen i Sydney for å guide Hole, der han treng det. Andrew er ein Aboriginar, som er urbefolkninga i Australia. Dei er ikkje mykje inkludert i samfunnet og blir ofte utstøytt.
Gjennom boka blir Harry vitne til dei enorme skilnadene i det Australske samfunnet. Han møter prostituerte og uteliggarar og ei vakker svensk jente med raudt hår, som Harry forelskar seg i.

Etterkvart som Harry forstår meir og meir, begynner folk å døy rundt han. Dette skapar eit enormt press på han, for å redde dei nye vennene sine. Når han endeleg skjønner kven det er, er det ein langt større oppgåve som ventar, nemleg å finne mordaren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar